Norwegian Nynorsk and Norwegian Bokmål/Installasjon

From Apertium
Jump to navigation Jump to search

Denne sida viser korleis ein installerer nyaste utgåve av apertium-nn-nb på GNU/Linux-system. For å gjere ting enkelt installerer me det i standardmappa kor alle har tilgang til det, sjå Minimal installation from SVN viss du vil spesifisere kor apertium skal installerast (eller ikkje har rottilgang).

Merk: viss du køyrer Arch Linux finst det allereie svært oppdaterte utgåver i AUR, men sei frå om pakkene der ikkje fungerer

Installer kravde pakker

Du må ha visse pakker installert på førehand.

På Debian/Ubuntu kan du installere det du treng med:

sudo apt-get install subversion build-essential g++ pkg-config \
libxml2 libxml2-dev libxml2-utils xsltproc flex automake autoconf libtool libpcre3-dev \
libicu-dev

Du har sikkert ein del av desse installert allereie.

Last ned kjeldekode

Hent ned apertium-nn-nb og relaterte pakker med:

svn co http://apertium.svn.sourceforge.net/svnroot/apertium/trunk/lttoolbox
svn co http://apertium.svn.sourceforge.net/svnroot/apertium/trunk/apertium
svn co http://apertium.svn.sourceforge.net/svnroot/apertium/trunk/apertium-nn-nb
svn co --username anonymous --password anonymous http://beta.visl.sdu.dk/svn/visl/tools/vislcg3/trunk vislcg3

UiO linux installasjon (RedHat Enterprise 64 bit)

Gjer følgande:

mkdir ~/lib
mkdir ~/bin
mkdir ~/include

Legg til følgande linjer i di ~/.bashrc fil:

 export LD_LIBRARY_PATH=$HOME/lib
 export PATH=$HOME/bin:$PATH

Installer følgande frå kjeldekode med ./configure --prefix=$HOME:

http://www.pcre.org/ Hugs --enable-utf8 når du køyrer ./configure

http://site.icu-project.org/

Gjer det nedanfor, men med --prefix=$HOME når du køyrer ./autogen.sh

Med litt flaks vil dette verke..

Kompiler og installer

Du kan kompilere og installere med kommandoane nedanfor. Lim inn ei og ei linje i terminalen så du ser om noko går gale underveis...

cd lttoolbox
PKG_CONFIG_PATH=/usr/local/lib/pkgconfig ./autogen.sh
make
sudo make install
cd ..
cd apertium
PKG_CONFIG_PATH=/usr/local/lib/pkgconfig ./autogen.sh
make
sudo make install
sudo ldconfig
cd ..

cd vislcg3
PKG_CONFIG_PATH=/usr/local/lib/pkgconfig ./cmake.sh
make
sudo make install
cd ..

cd apertium-nn-nb
PKG_CONFIG_PATH=/usr/local/lib/pkgconfig ./autogen.sh
make
sudo make install
cd ..

Send ein epost viss det er noko som ikkje fungerer :-)

Omset!

Alt skal no vere installert :-) Du kan teste at det fungerer ved å prøve desse kommandoane:

echo Å være eller å ikke være|apertium nb-nn
echo Å være eller å ikke være|apertium nb-nn_a

Valfritt: samansetjingsanalyse

(Før måtte du ha lttoolbox-java for å få samansetjingsanalyse, men nyaste SVN av lttoolbox taklar dette fint.)

Sleng på -cp på slutten av «mode»-namnet:

echo Min måte å være på avhenger av kaffeytelsen |apertium nb-nn-cp
echo Min måte å være på avhenger av kaffeytelsen |apertium nb-nn_a-cp

Desse døma demonstrerer samansetjingsanalysen («kaffeytelse» står ikkje i ordbøkene).