Norwegian Nynorsk and Norwegian Bokmål/Installasjon
Denne sida viser korleis ein installerer nyaste utgåve av apertium-nn-nb på GNU/Linux-system. For å gjere ting enkelt installerer me det i standardmappa kor alle har tilgang til det, sjå Minimal installation from SVN viss du vil spesifisere kor apertium skal installerast (eller ikkje har rottilgang).
Merk: viss du køyrer Arch Linux finst det allereie svært oppdaterte utgåver i AUR, men sei frå om pakkene der ikkje fungerer
Contents
Installer kravde pakker
Du må ha visse pakker installert på førehand.
På Debian/Ubuntu kan du installere det du treng med:
sudo apt-get install subversion build-essential g++ pkg-config \ libxml2 libxml2-dev libxml2-utils xsltproc flex automake autoconf libtool libpcre3-dev \ icu
Du har sikkert ein del av desse installert allereie.
Last ned kjeldekode
Hent ned apertium-nn-nb og relaterte pakker med:
svn co http://apertium.svn.sourceforge.net/svnroot/apertium/trunk/lttoolbox svn co http://apertium.svn.sourceforge.net/svnroot/apertium/trunk/apertium svn co http://apertium.svn.sourceforge.net/svnroot/apertium/trunk/apertium-nn-nb svn co --username anonymous --password anonymous http://beta.visl.sdu.dk/svn/visl/tools/vislcg3/trunk vislcg3
Kompiler og installer
Du kan kompilere og installere med kommandoane nedanfor. Lim inn ei og ei linje i terminalen så du ser om noko går gale underveis...
cd lttoolbox PKG_CONFIG_PATH=/usr/local/lib/pkgconfig ./autogen.sh make sudo make install cd .. cd apertium PKG_CONFIG_PATH=/usr/local/lib/pkgconfig ./autogen.sh make sudo make install sudo ldconfig cd .. cd vislcg3 PKG_CONFIG_PATH=/usr/local/lib/pkgconfig ./autogen.sh make sudo make install cd .. cd apertium-nn-nb PKG_CONFIG_PATH=/usr/local/lib/pkgconfig ./autogen.sh make sudo make install cd ..
Send ein epost viss det er noko som ikkje fungerer :-)
Omset!
Alt skal no vere installert :-) Du kan teste at det fungerer ved å prøve desse kommandoane:
echo Å være eller å ikke være|apertium nb-nn echo Å være eller å ikke være|apertium nb-nn_a
Valfritt: samansetjingsanalyse
For å få analyse av samansette substantiv må du i tillegg installere lttoolbox-java.
På Debian/Ubuntu kan du installere kravde pakker med:
sudo apt-get install ant ant-optional openjdk-6-jdk
- Fungerer dette? Må ein gjere noko for å få javac inn i PATH kanskje?
Merk: viss du har Sun Java installert, bytter du ut «openjdk-6-jdk» med «sun-java6-jdk».
Last ned kjeldekoden:
svn co https://apertium.svn.sourceforge.net/svnroot/apertium/trunk/lttoolbox-java
Kompiler og installer:
cd lttoolbox-java PKG_CONFIG_PATH=/usr/local/lib/pkgconfig ./autogen.sh make sudo make install cd ..
Og test:
echo Min måte å være på avhenger av kaffeytelsen |apertium nb-nn-cp echo Min måte å være på avhenger av kaffeytelsen |apertium nb-nn_a-cp
Desse døma demonstrerer samansetjingsanalysen («kaffeytelse» står ikkje i ordbøkene).